×
News Concerts Music Video Shop Lyrics Photo Gallery Art Gallery Socialize Biography Info Central TRIO Hver gang vi møtes

Past events - ascending

TELEMARKFESTIVALEN:
Unni Wilhelmsen, Sol Heilo & Hanne Mari Karlsen
Foto: Kai Hansen
Foto: Kai Hansen

Date: 29 Jul 2017

Time: 20:00

Venue: Gullbring Kulturanlegg

Latitute: , Longtitute:

×

Velkomen til Telemark, velkomen til Bø og velkomen til Unni Wilhelmsen, Sol Heilo og Hanne Mari Karlsen på Telemarkfestivalen!

Dette er visuelle damer med «trøkk» og sprudlande spilleglede – som leverer unike, handplukka og framfor alt handskrive låtar. Unni sørgjer for velkjende songar frå ei rikhaldig karriere, Solveig leverer heilt nye låtar for anledninga, og dei har også nokre feite coverhitlåtar på repertoaret. Dei tre bestevenninnane trakterer til saman eit tosifra tal instrumentar, og stemmane går saman i høgare einskap i lag med hjartevarm humor.

I 28 år har Telemarkfestivalen vore ein arena for mangfaldig og livskraftig folkemusikk frå heile verda. Me er stolte av å kunne by på ein festival litt utanom det vanlege – ein festival som gir deg unike konsertopplevingar i idylliske omgjevnader. Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk; den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande.

Tilbodet spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og heseblesande. Me vil gi deg ei unik samling av inntrykk og uttrykk helga i gjennom, og me gleder oss til å dele årets festival med deg!

PROGRAM 2017
- Odd Nordstoga
- Øyonn Myhren Groven & Odd Nordstoga: "Nivelkinn"
- Wilhelmsen, Heilo og Karlsen
- Gulaza
- PolkaBjørn og Kleine Heine
- Raabygg

+ mykje meir!

Les meir om programmet på festivalens nettstad: www.telemarkfestivalen.no

Obs! Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg!

Velkomen!


Upcoming      Old Archive
 
        

Unni Wilhelmsen © 1996 - 2021